En teater-scene

Ei kyrkje.

Peter sit oppe ved alteret. Han har på seg ein svart smoking, ein blome er festa på brystlomma hans.

Attmed han sit Marta. Ho har på seg ein knelang kjole med blometrykk.

PETER

Korfor er det soleis, at menn må i keisam smoking gå?

(kort pause)

Ein blazer so svart, ei skjorte so kvit. Og sist, og absolutt minst, ein beskjeden blome på bryst.

MARTA

Det må vera lett.

PETER

Meiner du no?

MARTA

Å vera mann, tenkjer eg på. Me må alltid fylgje med på kva som er “the new black”. For dykk, har svart alltid vore.

PETER

Ja, men keisamt er det, når alle er sameleis?

MARTA

Jau, det kan du seie. Men litt praktisk er det og, å berre vite kva du skal gjera?

PETER

Lett er det å fylgje straumen, men låkt er det å symje hin vegen.

MARTA

Ein bør gjera det.

Symje hin vegen. Mot straumen.

Kort pause.

PETER

Til og med når dei spør meg på skulen. “Peter, skal du ha kaffi?”. Når alle svarar “ja, eg vil gjerne ha kaffi”, skal eg svare nei?

MARTA

Du skal ikkje berre svare nei, du skal vera bryg òg.

PETER

Men kva om?

Marta ser rart på Peter.

PETER

Nei altså, eg tenkjer… kva om eg, full i brygskap, seier dei imot. Og dei, full i kaffi, snur ryggen åt meg?

Kort pause.

MARTA

Keisamt er det, når alle er sameleis.

PETER

Meiner du no?

MARTA

Eg seier det du seier.

PETER

Du talar sanninga sitt ord.

MARTA

Det gjer eg alltid.

Kort pause.

PETER

No er det like før.

Å helledussen!

MARTA

Kva?

PETER

Ringane, kvar er ringane?

MARTA

Eg skal leite, du har lagt dei på ein lur stad?

PETER

Staden, han er ikkje lenger so lur. (ser ut i salen) Der kjem ho!

MARTA

Kven er det?

PETER

Det er kvinna i mitt liv. Det er henne… det er henne –

MARTA

Ja, Peter, kva er det med henne?

PETER

Det er henne eg skal føre desse underfundige samtalar med. Om alt og ingenting –

MARTA

Har du leita i lommene dine?

PETER

Eg leitar no. Eg finn berre ei snusboks –

MARTA

Snusar du?

PETER

Ja. (ser ut i salen) Ho kjem nærare. (snur seg til Marta)

MARTA

Korfor?

PETER

Eg vart so stressa, alt som skulle planleggjast. Ho skulle ha alle serviettane i burgunder, eg gjekk på butikken for å finne nokre. So ville ho ikkje ha dei, fargen var for mørk. (kort pause) Men ikkje sei noko til henne.

MARTA

Eg fann dei.

PETER

Kvar?

MARTA

Under stolen min.

PETER

Takk. Takk Gud.

(kort pause)

Vett i panna. Mot i brystet.

MARTA

Mot i brystet, og ein blome utanpå. (ser ut i salen) Sjå, sjå kor ven ho er. Ho nærmar seg no, kvinna i ditt liv.

PETER

Ja, det gjer ho. Det er henne, me skal føre desse underfundige samtalene. Me skal liggje, Marta, me skal liggje på stranda. Sprudlande kjemi oppi glasa –

MARTA

Sprudlande kjemi mellom dykk?

PETER

Ja! Me skal liggje der på stranda, innklemd i kvarandre. Og eg skal tenkje “shit, i går var det kristihimmelfart”. Og me skal liggje der, inneklemd på ein inneklemd fredag.

MARTA

Peter?

PETER

Ja?

MARTA

Du trur på ekteskapet, du held deg innanfor?

PETER

Ja?

MARTA

Og du har ikkje… gjort det enda?

PETER

Kva?

MARTA

Du har ikkje… ehh… lufta honden?

PETER

Nei, nei. Det ventar meg. (ser ut i salen)

MARTA

På stranda?

PETER

Kanskje der. På stranda.

Peter og Marta smiler åt kvarandre.

MARTA

No kjem ho.

PETER

(ser ut i salen) Der kjem ho.