Poesi

Gutatur

Ein lavo, pinade, heilt bravo.

Me sit her, med kukane ute.

Kvinnfolka var her nyss, dei med tre par frostige tits.

Dei med ullsokkar i BH, som eit ekstra push over kalde niplar.

Bålpanna, tent ferdig. 

Kåtskapen i oss, tent ferdig. 

Knute laga i skog

Dobbel halvstikk

rart og merkeleg

Dobbel halvstikk

eigentleg berre stikk

No i kvelden

stikk gjennom kropp

kukane me ber på

veks i dobbel halvkram.

Popkorn i panne poppar

hoppar opp nett som fot i eit hoppeslott. 

Nett som fyrste dag på eit år.

Sola ned, ferdig.

Me er røyklagde, forlatne og bedøvde. Heilt topp, heilt fritert, røyka.

Eit aktivitetbasert friluftsliv, deep flow, me kjenner svetten, og økta er snart ferdig.

Støy i hjerna, støy i byen. Ro her og no, ro i rørsla av eit vatn. Just no i ro, med framleis, ein kan med sine øyre høyre støyet, støyet som i bagen vart pakka med.

Eg må gjere det no.

Me burde slått opp telt.

Eg burde slått opp med deg.

Eg må gjere det no.

Røyklagd, bedøvd og forgifta.

Snart går me opp i røyk, me er ikkje lenger to.

Eg vil heim, heim til ein by som ikkje søv.

Vekk frå deg,

føkk!

Eg burde ha sete på med jentene.

Dei med ullsokkar i BH-en.

Dei som tek vare på ein nippel so frostig.

Eg kikar ned i fergerute, finn ei mogleg opning. 

Eg kan rekkje, rekkje siste ferga.

line

klart er dei spente

kan ikkje vente

livet på line

stoppar ein stad

livet vil lokke,

no vil dei hoppe

og i barm, i røyndi, 

hoppe dei gjer

og so, det skjer, livet, 

sjølvaste livet, dei ser

gluten

Guten, han med utan tol for gluten.

«Nokre pylser lyt eg kjøpe»

Han burt åt tilsett, og seie

«Eg finn ei i disk, pylser eg kan greie»

«Dessverre», er det sanne svar.

Ein pris so låg, men ei for han.

Guten vil rope «Fuck, du er ein dritt.»

Men held det fast, i sinnet sitt.

Arg vil han fare, ja, soleis er han blitt.